Eg skal til stavanger

February 14th, 2007

Eg trur ikkje det er så mange som leser bloggen min, men til alle dere som berre tilfeldigvis svisjer innom; eg har fått meg jobb i Subsea 7. Det er eit selskap som driv med rørlegging. Eg skal sitte og gjere beregninger og støve ned på eit kontor, og innimellom skal eg få lov å dra offshore :) . Eg trur det er ein veldig bra jobb eg har anskaffa meg, men har innsett at det er veldig få som syns det er interessant med elementmetoden og resultat som ein får fra slikt.

I tillegg er eg nett attkomen fra Paris, der eg var saman med Heidi og Agnes. No gjenstår berre diplomen så er det sommar. Akkjamensann. Fekk vite at anodene mine er kommt til laben no, så no er det berre å sette i gang å kutte og sage og brekke i to. MOhahahaha. Mine destruktive sider skal med andre ord få løpe fritt dei kommande månadane.

Jobbsøkande bøllefrø

January 17th, 2007

Eg har funne ut at eg er eit lite jobbsøkande bøllefrø. Bøllefrø delen har nok dessverre gått litt hardt utover min kjære bror, som vart offer for det ein kan kalle fritidsproblemer i høstmørket. Ein litt pikant t-skjorte og eit lite brev var alt som skulle til for at han skulle ligge søvnløs eit par netter :) . Men dette kjem nok til å glede meg lenge.

Når det gjeld den jobbsøkande delen, så har eg nett vert på intervju med Subsea 7, og oppdaga at eg er ein ettertrakta arbeidstaker. Dette fryder meg nesten like mykje som å bølle med lillebror, men berre nesten. Det skal bli herlig å tene penger, og sleppe å tenke på ting ein egentlig burde ha gjort istedet for å kose seg.

I kveld skal eg på enda ein bedrifts presentasjon, for å høre kor fantastiske Reinertsen er å arbeide for. Men eg trur den beste presentasjonen var Kongsberg sin. Der hadde ein open bar og team Eckbo som underhaldning på samfunnet. Litt skummelt med gratis drikke og slikt, men vannvittig artig opplegg. Ingeniørene på Kongsberg er også overvettigs flinke til å servere pizza til stidentene. Sikkert eit dyrt og genialt PRstunt. Inngangsbilletten var også ein strekkode på mobilen. Overraskande effektiv metode iforhold til det som er vanleg med billetter.

Ellers så skal eg no ta fatt på diplomen. Det vert ein lang vår trur eg, med lite uteliv og mykje lesing. Men snart er eg ferdig, og det skal bli herlig.

Klumpen min

November 20th, 2006

Eg tenkte det var på tide å vise fram ein liten del av klumpen min. I dette tilfelle er den innspent i ein strekkmaskin med to ekstensometer. Ekstensometeret måler kor mykje lenger prøvea vert etterkvart som strekkmaskina drar i ho. Klumpen min som ein gang var god og stor, har som ein ser av bilete vorten liten og nett. Det er mange lykkelige stunder som er gått med i å se sprekker vekse, men endeleg er eg snart ferdig :o ).
http://lene.heimtun.org/wp-content/strekk_lene.JPG
Noko som forøvrig ligg langt unna karbon klumpens verden er innebandyen. Det fantastiske laget Gløshaugen 2 damer vann over Ugla sist søndag. Eg har fått ny kølle (med snøkrystaller … ) og bag (med roser!!! ) og syns det hele går strålande.

Om denne posten er litt rotete kjem det av at eg er litt sliten etter trening og lab. Men livet er bra folkens !!!

Bli klokare, ein oppskrift for oss som gløyme fort!!!

September 30th, 2006

I dag gjekk eg til innkjøp av Dagbladet, og oppdaget ein interessant liten aritkkel “kraftoverføring rett i toppen”. Det blir her hevda at det å ta piruetter om morgonen skal auke kraftforsyninga til hjernen. “bevegelser som dette å snurre rundt skal være bra, spesielt fordi det stimulerer væskeflyten og nervepunkter i det indre øret og sender elektriske impulser til hjernen. I tillegg gir det våre indre gemakker en væske basert massasje og vil være gunstig for også andre ting, for eksempel lymfesystemet”. 21 piruetter er visstnok den anbefalte dosen.

Eg syns dette var ein ganske fasinerande oppdaging, og trur eg har funne ut kvifor eg har hamna på universitet. Det er rett og slett min tedens til å være vimsete. Først tre ganger rundt for å finne buksa, så to ganger for genseren, og når eg er fullt påkledd så har eg vel unnagjort omtrent 10 piruetter. Deretter er det frukost, og då er det vel like mange ganger til (kaffikoppen, tallerken, kaffikanna, smøret og osten. alt står sjeldan på eit rom og gjerne på bord, hyller eller skrivepult.) Og då har eg jo oppfyllt krava før eg starter å pakke sekken min, som nesten fyller kvota for ein heil dag.

Potet

September 13th, 2006

I det siste har eg støtt på eit lite problem. Med ein gong eg seier eg går i femte, så kjem spørsmålet; kva skal du gjere neste år? I den anledning skulle eg gjerne hatt hjelp til nokre svar. Det er litt fortvilande å ikkje vite!!! Og det faktum at eg enno ikkje har forfatta ein cv som eg kan spre om meg i aust og vest ser ut til å være ganske bekymringsverdig.

Traktorvelting

September 8th, 2006

I dag har eg vert på kino med Heidi og sett filmen Cars, og må sei at eg har funne ein ny fritidssyssel, traktorvelting. Denne aktiviteten består i å snike seg sakte inn på traktoren, og så tute i hornet. Traktoren vil då spinne på det bakre hjulet og lande med fronten i været. Snasent!!!

skjønnlitterær sensommer

September 7th, 2006

I sommar hadde eg sommarjobb ved aluminiumsverket i Øvre Årdal. Sjølve jobben var bra, men Øvre Årdal er ikkje den mest sentrale plassen, så eg måtte ty til alternative fritidssyslar. I den anledning fann eg ut av bøker slett ikkje var så ille, og med Narvesen som nærmaste nabo, var ikkje vegen lang om eg trengte påfyll.
http://lene.heimtun.org/wp-content/koder.thumbnail.gif

Den som vart min favoritt i sommar er ei bok skrevet av Simon Singh, Koder. Absolutt noko å anbefale. Tittelen fortel vel egentleg kva heile boka dreie seg om, nemleg koder. Heile boka er baserte på hendingar som har skjedd, og tar for seg utviklinga av koder og chiffer fram til i dag. Problemet eg har når eg skal beskrive denne boka er at det er vanskelig å si kvifor den er god, men stol på meg, den er strålande. Kanskje det er litt med det at det faktisk har skjedd, og at ein ikkje tydeleg kan forutsi utfallet hundre sider før ein er ferdig. Dei siste femti sidene er forresten dørgane kjedelige, dei omhandler datakryptering og kvantemaskiner. Men som sagt, stol på meg, dettan er ei god, god bok.

Eg leste andre bøker og. Jo Nesbø si bok Frelseren, og Berlinerpoplene av Anne B. Ragde, to gode norske bøker. Men dei er jo såpass kjende at dei håpar eg dei fleste har høyrd om og difor messer eg ikkje unødig om dei her. Berlinerpoplene skal vises på Trøndelag Teater i haust, så dit har eg tenkt meg. Det er ein del scener i boka som kan bli vanvittig morsomme på scena.