Jobbsøkande bøllefrø

Eg har funne ut at eg er eit lite jobbsøkande bøllefrø. Bøllefrø delen har nok dessverre gått litt hardt utover min kjære bror, som vart offer for det ein kan kalle fritidsproblemer i høstmørket. Ein litt pikant t-skjorte og eit lite brev var alt som skulle til for at han skulle ligge søvnløs eit par netter :) . Men dette kjem nok til å glede meg lenge.

Når det gjeld den jobbsøkande delen, så har eg nett vert på intervju med Subsea 7, og oppdaga at eg er ein ettertrakta arbeidstaker. Dette fryder meg nesten like mykje som å bølle med lillebror, men berre nesten. Det skal bli herlig å tene penger, og sleppe å tenke på ting ein egentlig burde ha gjort istedet for å kose seg.

I kveld skal eg på enda ein bedrifts presentasjon, for å høre kor fantastiske Reinertsen er å arbeide for. Men eg trur den beste presentasjonen var Kongsberg sin. Der hadde ein open bar og team Eckbo som underhaldning på samfunnet. Litt skummelt med gratis drikke og slikt, men vannvittig artig opplegg. Ingeniørene på Kongsberg er også overvettigs flinke til å servere pizza til stidentene. Sikkert eit dyrt og genialt PRstunt. Inngangsbilletten var også ein strekkode på mobilen. Overraskande effektiv metode iforhold til det som er vanleg med billetter.

Ellers så skal eg no ta fatt på diplomen. Det vert ein lang vår trur eg, med lite uteliv og mykje lesing. Men snart er eg ferdig, og det skal bli herlig.


One Response to “Jobbsøkande bøllefrø”

  1. Marit Says:

    Høh, og eg som ikkje visste at du hadde blogg før den dukka opp i statistikken på min blogg. Hyggelig overraskelse!

Leave a Reply